Bør jeg satse på en som kaller seg kristen, men som ellers ikke viser interesse for Gud?

Hei dere! Nå trenger jeg råd.

Jeg har en kar som er interessert i meg, og jeg må si jeg er litt interessert tilbake. Jeg er 27, har aldri vært forelsket før, men jeg stopper meg selv litt fra å «gi meg hen» til disse følelsene enn så lenge.

Typen har det meste av det jeg «ønsker meg». Kreativ, praktisk, snill og litt tøff. Vi ønsker mange av de samme tingene videre, og jeg trives veldig godt i hans selskap. Han er ærlig og genuin, familiefokusert og ekte.

Problemet er dette: Han er kristen, og er tydelig på dette. Likevel har han, slik jeg ser det, ingen særlig interesse av Gud. Han liker å drikke seg full på byen, flørte, skryter gjerne litt av dette – og han mener man bør bli samboere før man gifter seg. Han har hatt flere kjærester før, og jeg regner med han har hatt sex med disse. Bortsett fra dette er han «full pott», og det er så vanskelig!

Dette river i meg, for jeg liker ham godt – men jeg vet ikke om jeg tør å satse. Kan det gå godt? Kan jeg dra ham mot et fellesskap med Gud, eller vil han trekke meg motsatt vei? Jeg ser på det slik at når jeg er kristen vil jeg leve etter Bibelens prinsipper, men han mener en del av disse er litt «gammeldags».
Føler heller ikke på at jeg har verdens beste tid til å finne noen andre, eller at kjemien kan bli på langt nær så god.

Noen tanker?

Gutt og Jente svarer:

Hei.

Det fyrste inntrykket ein får av deg, er at du er ein reflekterande og analyserande person som tenker grundig over avgjerdslene dine, og som kanskje rasjonaliserer ein del, og ikkje gir deg så lett over til kjenslelivets spontanitet og impulsivitet. Det kan berge deg frå ein del feilsteg – så det er mykje hensiktsmessig og godt i det! På same tid må ein av og til våge å vere åpen for å ta ein risiko når tida er inne for det og ting ser ut til å falle «på plass» – for å få oppleve kjærleiken!

Det spørs likevel om ikkje akkurat denne situasjonen passar inn i den fyrste kategorien, og at dette er tida for å rasjonalisere. Du skildrar ein gut med mange positive trekk, og lista di er lang: Kreativ, praktisk, snill og tøff, ærlig og genuin, familiefokusert og ekte – og til og med kristen. Høyrest ut som eit glansbilde av ein person…

Likevel blinkar det ein eller to varsellampar. Ein som kallar seg kristen, men som ikkje tilsynelatande er «interessert i Gud», som kan drikke seg full på byen, flørte, og skryte av dette, viser ikkje tegn til å verkeleg vandre nær Gud. Vi er redd for at akkurat dette kan bli eit smertefullt tema i eit evt. forhold mellom dykk.

På den eine sida kan det skyldast umodenheit (altså, at han for eksempel er ein ny kristen, og veit ikkje betre), eller verre: at han rett og slett ikkje tek det å vere ein kristen så alvorlig. Og her blinkar varsellampen. Dersom du skal finne ein å vere kjæreste med, som du kan tenke deg å dele livet med, bør det ikkje då vere ein som deler gleda i den kristne trua, og har same ønsket om å leve nær Gud? Her er eit relevant vers som kanskje kan tale til begge to:

Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske, så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde. Ver ikkje uforstandige, men forstå kva som er Herrens vilje. Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren! Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus. (Efes. 5: 15-20)

Å drikke seg full er altså ikkje å anbefale etter nytestamentlig standard. Men kva med samboarskap? Å vere samboar før ein giftar seg har blitt heilt vanlig, men Bibelen seier framleis at ekteskapet er ei pakt:

Visdomen skal fria deg frå ei anna kvinne, ei framand kvinne med glatte ord, ho som har svike sin ungdoms ven og gløymt pakta med sin Gud. (Ordt. 2:16-17)

Mange ungdomar – kristne også – flyttar saman utan å ha bygd forholdet sitt som ei pakt (Bibelen framstiller alltid inngåing av ekteskapet som ei offentlig handling, der familiene er orienterte og involverte. Ikkje nødvendigvis ei kyrkjeleg handling, men ei offentleg handling). At han er meir enn villig til å kompromisse på dette er dessverre vanlig, men for ei som ønsker å følgje Guds beste vilje, bør ikkje det vere aktuelt. Varsellampe nr. 2?

Det virkar som om trua er veldig viktig for deg. Alle dei fine kvalitetane han har, er ikkje det same som at han deler dine  djupaste og viktigaste verdiar. Er ikkje desse verdiane viktigare enn andre kvalitetar som for eksempel det å vere praktisk anlagt? Du kan bestille handverkarar til å ta seg av det praktiske i ein framtidig familieheim, men du kan ikkje bestille ein mann som ønskar å leve eit familieliv etter Guds gode vilje! Spørsmålet er ikkje om desse kristne verdiane er gammaldagse, men om dei er rette og sanne, og til sjuande og sist: Gode for oss. Tør du våge at Guds vilje er den beste for deg? Det ville vere trist dersom du må gå på kompromiss.

På same tid er du kanskje redd for at åra går, og dersom du gir slepp på denne muligheita, så kjem det kanskje ikkje ei ny? Kanskje du til og med ønsker å få barn, og du tenker at tida går for fort. Vi forstår den smerta. Kanskje gjer desse råda du no får at alt blir enda meir smertefullt for deg.

Sjølvsagt finns det ingen absolutte garantiar. Kanskje den kompatible kristne ikkje vil dukke opp… På den andre sida – kanskje vil han det! Men like fullt har du heller ikkje då absolutt garanti på at ein som deler dine kristne verdiar alltid vil forbli ein slik kristen – etter bryllupet. Livet er dynamisk. Vi har ingen slike garantier i livet. Men det gjeld å ta dei beste valga, og ikkje gjere det bevisst vanskelegare for seg sjølv…

Å håpe på at du skal trekke han ein annan veg enn den han går no, etter at eit forhold evt. blir starta, er som oftast ganske utopisk. Det skjer av og til, men folk endrar seg ikkje så lett. Det er litt for «risky» å gå inn i det med det håpet. I verste fall kan dette forholdet vere det «gode» som stenger for det beste. Kanskje er dette «vennskapet» eit teikn til deg om at det finns flotte menn der ute som du vil kunne passe med, hygge deg med og ha det veldig fint saman med – men som også vil ta trua like alvorlig som du!

Dette er vanskelig. Det krev bøn, overgivelse til Guds vilje, og ein lengsel etter guddommelig visdom. Det finns ikkje absolutte svar. Du må berre prøve å lytte til Guds leiing. Likevel, med dei varsellampane som blinkar, så håpar vi i alle fall at du vil sjå den klare «skrifta på veggen» før du hoppar ut i akkurat dette forholdet!

Måtte Gud hjelpe deg og lede deg og vere deg nær i denne litt vanskelege og forvirrande prosessen!

Vennlig hilsen guttogjente.no