Homofil og kristen – mer akseptert nå enn før?

Hei. Jeg er ei jente på 15 år som lurer litt på det med homoseksuelt forhold i forhold til Bibelen før og nå. I bibelen står det jo at mann og kvinne skal gifte seg, ikke to av samme kjønn. Men jeg vet at i eldre dager var dette sett på som en stor synd og ikke greit, men jeg føler flere kristne er åpne for dette enn før. Selv syns jeg kjærlighet er en fantastisk ting som alle burde få oppleve, uavhengig av kjønn. Er det slik at det er mer akseptert å være homofil blant kristne i dag enn det var før?

Gutt og Jente svarer:

Hei

Kjempefint at du spør om dette. Spørsmålet ditt er høgst aktuelt og du er heilt sikkert ikkje a leine om å lure på dette.

Det fyrste som bør understrekast klart og tydeleg er dette: For så høgt elska Gud verda (Joh. 3:16) at Han gav Jesus. Ja, Han «elska oss medan vi var syndarar» (Rom. 5:8). Dette gjeld alle menneske, heilt uavhengig av om vi er heterofile eller homofile. Alle menneske har uendeleg stor verdi og vi skal behandle alle med respekt.

Du har rett når du seier at Bibelen viser klart at Guds opprinnelige og kjærlege design-tanke for vår seksualitet var avgrensa til ekteskapet. Der kan ein mann og ei kvinne gjennom sex bli til ei fysisk einheit (1. Mos. 1:27-28) som igjen skaper den trygge og ideelle ramme for å få barn og stifte familie.

På hebraisk står det at mannen og kvinna blir «eitt kjøtt» når dei har sex. Guds originale skapartanke var ikkje homofili. Dette gjenspeiler seg i dei kvinnelige og mannlege kjønnsorgana som komplimenterer kvarandre på fantastisk vis. På toppen av det heile er det akkurat denne samansmeltinga mellom ein mann og ei kvinne som gjer at kvinna kan bli gravid og få barn. Gud laga det slik, på perfekt vis.

På same måte som det er bruksmanual for ein bil eller mobil, så har Gud gitt oss veiledning gjennom den beste manualen (Bibelen) for våre kjærleiksliv, slik at vi kan gi Han mest ære samtidig som det gir oss maksimal glede.

Heilt fram til 1. februar 2017, så ville ein prest i ‘Den Norske Kyrkje’, på bakgrunn av Bibelen, ha sagt i eit bryllaup:

Guds ord vitnar om ekteskapet at det er heilagt og ukrenkjande. Det står skrive i Fyrste Mosebok: Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk!» 1 Mos 1,27-28a

Men enkelte har jobba med å erstatte desse bibelske orda i liturgien fordi dei ikkje passa med homofilt ekteskap. Så ja, du har nok rett i at mange kristne er meir opne for dette i dag enn dei var før. Men dette endrer ikkje Bibelens ord og Guds «Ord står evig fast i himmelen» (Salme 119:89). Jesus stadfesta også at ekteskapet var mellom ein mann og ei kvinne (1. Mos 1;26-28 og Matt. 19:4-6). Seinare underviste Gud oss om at sex mellom to menneske av same kjønn ikkje var Guds vilje gjennom apostelen Paulus, som opplevde at mange forkasta sin homoseksuelle praksis etter at dei kom til tru (Rom 1:22-27, 1.Kor. 6:9-11, 1.Tim. 1:9-11).

Du skriver at «kjærleik er en fantastisk ting som alle burde få oppleve, uavhengig av kjønn». Ja, alle menneske treng kjærleik. Det finns kjærleik i ekteskap, men det finns også kjærleik i vennskap mellom for eksempel to menn eller to kvinner, så vel som i familierelasjonar. Alle er for slik kjærleik, og alle burde få oppleve å bli elska. Det er mogleg å leve eit liv med meining også for menneske som ikkje gifter seg, gjennom å oppleve kjærleik i frå vener og familie. Men ut fra Bibelen høyrer den seksuelle kjærleiken heime i ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne.

Du kan også lese:
Fra en av de tause stemmene i homofilidebatten.

 

Du kan også lese boka Mine homofile venner av Espen Ottosen, Lunde forlag.

Med venleg helsing GuttogJente.no

 

Her er flere svar du kan lese om samme tema:
Bibelen om homofili
Aksepterer kristendommen homofili?
Homofilispørsmål
Hvordan kan jeg være homofil hvis jeg er kristen?